tirsdag 18. august 2015

Onsdag 22,07

Det tok ei god stund før vi kom oss frå Alta denne dagen. 
Vi reiste difor ikkje så veldigt langt.
Landa på Sørstraumen camping i Kvænangen.
Holder nok ikkje mål for dei som set høg standar høgt, men vi synest dette var ein av dei triveligste plassene vi besøkte på denne turen.
Hyggeligt vertskap og gode naber.
Og eit herligt og avslappande landskap.


Blomsterengane her nord er heilt fantastiske.
Bambi i kløvereng.

Vi grilla og naut kveldsstunda like ved fjorden.
 Sola lagde små regnbuer i dei små skyene.
Detta er perfekt sa eg.
Det mangler bare att det kjem nokre kvaler no.
Og det gjorde det.
Dei forsvann like fort som dei kom då det kom ei båt fresende forbi. Så det har eg ikkje bilde av. 
 Det nærma seg midnatt. 
Folk rigga seg til med fluktstolar og vin.
Og vi bare sat der og såg.
Siste bilde er tatt ved midnatt og då er sola bak fjellene der.
Men lyset. Det er heilt spessielt. Kameraet klarer ikkje å fange det heilt men nesten. :)

følg med det kjem meir..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar