søndag 16. august 2015

Torsdag 16.07
Mo i Rana camping er ein stor camping like utanfor sentrum. 
Lite utsikt men heilt ok plass.
Noko særligt tidligt igang er vi ikkje. Vi stressar ikkje. 
Et ein god frukost vasker opp og set nasa på nord enda eingang.
På saltfjellet tar vi ein rast ved polarsirkelen. 
Handla litt der sjølvsagt.
Været er perfekt kjørevær.
Lett skydekke med sol innimellom.
Det låg framdeles ein del snø igjen i fjellet.
Vi kjørte igjen gjennom flott lanskap med variable veier. 
Låg lenge bak ei campingvogn det var umuligt å komme forbi. Og då vi trilla inn på fegekaien på Bogsnes nådde vi  ferga. Men trur du ikkje campingvogna tok den siste plassen. 1.2.3...
Det var bare å smørre seg med tolmod. Vi var jo på ferie. Tid for litt mat.
Eg elskar dette landskapet.
Litt mørkere den veien vi skulle.


Vi hadde fått eit hint om at Ballangen Camping var ein bra plass å overnatta. 
Og den var slått inn på GPSen. 
Då vi kom fram der var det ganske seint.
Det låg tunge skyer over plassen. Det var kaldt.
Gikk oss ein liten rekognoseringstur men fann ut det var best å søke ly inne i varmen.
Det er slike dager eg er taknemmelig for den gode og varme bilen. 

Eg er meir glad i å ta bilder av kløver å strå en campingvogner men Eivind fikk med seg nokre i bakgrunnen.
Her ser ein også litt av disse langgrunnene som er så fassinerande her nord. 
Beklageligvis er dette det einaste bildet vi har tatt av desse strendene ser det ut som.
Ein grå og kald kveld altså. 
Fredag 17.07
Neste morgon regna det litt. 
Men det ga seg når vi passerte Narvik.
Denne dagen kjørte vi turens lengste etappe på 55 mil.
Vi kjørte inn fjorder, vi kjørte ut fjorder. Sola skein men det blåste ein kald vind. Noko vi ikkje merka noko  særligt til då vi var på hjul.
Ei fantastisk natur på denne strekninga. 
Vi leit på at kameraet du ser i vinduet skulle gi oss fine filmklipp men då vi skulle hente ut filmen blei brikka ødelagt.
Ikkje noko å gjere med det men eg er ein smule lei for det. Såg nemligt kval denne dagen.
Men på Kvænangenfjellet stoppa vi og tok nokre bilder.
panorama der oppe.


Vi skal reise tilbake deler av denne strekninga og eg kjem tilbake med nokre bilder frå den turen.
Vi ankom Alta strand camping ved 19.30 tida. Då var vi slitne.
Men for ein kveld.
Ikkje langt igjen no.

Vi kunne igrunnen tenkt oss ein kviledag. Men yr sa att laurdagen ville bli dagen å være på Norkapp.

Meir følger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar