fredag 19. oktober 2012

 Eg har hitil skrevet ein del reiseinnlegg i hagebloggen min Annes tumulter i hagen men no blir det vist meir reiseinnlegg enn hageting i denne bloggen så eg har oppretta ein ny blogg.
Og eg åpner denne bloggen med å fortelle om ei reise med Bobil i Ville vesten.
Dette er ein fellestur som vi fikk tilbud om gjennom Bobilforeninga. Eit sammarbeide mellon Australiatur.no og Bens team i Danmark.
Og det er bare å fastslå det først som sist, bedre reiseledere og reiserute skal du leite lenge etter. Vår Danske reiseleder er lommekjent og det er han som har lagt opp heile reiseruta.
Eg vil her vise ein del bilder av reisefølget vårt men eg har valgt å ikkje nevne navn.
25 sept. 20012
Etter ei lang reise over atlanteren og tvers over USA landa vi i Los Angeles. Vi som kom frå vestlandet annkom fleire timer før dei andre så vi rakk å sove litt før brifinga.
Neste morgon bar det avgårde med buss for å hente bobilene.
Vi var 14 biler i alt. Og det var ein forventningsfull gjeng som la ut på motorveiene i LA.


 Etter å ha fylt bilene med mat og nødvendigt på Walmart bar det avgårde til vår første Campingplass. KOA Fairplex/Pomona. Vi fikk ikkje ligge på den delen vi skulle ligge på då den var full. USA's største marknad var igang like over gata. Så vi blei plassert blant dei fastbuande. Noko som var spennandes nok for dei var veldigt nyskjerrige på oss og praten gikk lett.
Første kvel invitert reiselederne på mat og vi fikk god anlednig til å bli kjent med vårt reisefølge.

 27. sep. 2012
Neste dag gikk turen til Las Vegas. Og vi fikk vårt første møte med den amerikanske ørkenen. Bilder av denne skal dåke få sjå rikeligt av seinere.
Vi var også oppom Calico Ghost Town men dei bildene kan eg ikkje finne. Om dei skulle dukke opp skal eg poste dei seinere.
 Første kvelden tilbrakte vi i gamlebyen. Der det meste foregikk i ei overbygd gate. Og for ein stakkars vestlending var dette rimeligt overveldande. Las Vegas er ikkje mulig å beskrive, den må oppleves.
Bon Jovi i taket.
Det suste også folk i liner under takhvelvinga. Det prøvde ikkje vi.




 Her kan du bli fotografert med gud veit kven;) Eg snikfotograferte for dei blei ikkje særligt blide om dei såg du tok bilder uten å betale.
Her danses det lettkledd på bardisken.Det var fleire av dei inne på kasinoene.
Neste dag bar det ned på The Strip som er byens hovedgate med dei aller største hotella/casinoene. Vi er inne på det største av dei alle Caesars Palace. Det var ein miniatyr av Roma som strekte seg over nokre kvartaler. Enormt.
 Alt dette er inne.

 Parken utenfor. Her blir det studert kart.

 Eifeltårnet i det fjerne. Denne gata hadde miniatyrer av kjente plasser rundt om i verden.
 Samme gate på kveldstid. Gatene var fulle av folk som vandra frå Hotel til hotell. Der var det nemligt spektakulære show. Bildene mine er for dårlige til å postes. Men der var det blant anna vulkanutbrudd og vannshow.
 Venesia med opplyste gondoler.
 Vi var etter kvart så slitne att det var bare å reise tilbake til campingplassen og forberede oss på ein ny dag på hjul.

Fortsettelse følger.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar