onsdag 31. oktober 2012

2 oktober
Arches nationalpark
 Denne dagen var vi nok litt slitne og vi såg fram til å ha ei natt til på samme campingplass. 
Vi reiste difor fleire i samme bil litt tilbake for å kjøre inn i nasjonalparken. 
Vi tok det nok litt lett denne dagen for vi følte nok att vi hadde sitt ein del røde klipper no.
 Tidlig morgen ved Djevelens hage.
 Her var det ein kampingplass også Det var ikkje der vi låg.
 Vi går inn i Devils garden.

 Og det tok ikkje så lang tid før vi oppdaga kvifor dette området blei kalla det. 
Det blei mektigt varmt der og vi hadde ikkje tatt med oss vann. 
Det var ei turløype her som tok ca 5 timer så det sa seg sjølv at vi ikkje kunne legge ut på den.


 Men vi gikk eit stykke på vei.
 Arches er kjent for sine mange naturlige buer. Her ein av dei.


 Kan du sjå kor varmt å godt vi har det ;)
Sand i skoene også.


 Her har vi flytta litt på oss.
Kan nesten sjå for meg John Wayne ridene til hest her. 
Og det er slettes ikkje umuligt at han har vore nett her, for denne parken har vore brukt til mange filminnspillingar.





 Delicate Arch Er ein diger bue.
Om du klikker på bildet under ser du menneskene under.
Ein får ikkje heilt føling med avstandene her. Det var ein 2 timers gåtur i frå der eg stod å fotograferte.

 Disse fjellformasjonene har eg ein bestemt meining om at eg har sitt på film. 
Dei er rødere enn dei framtrer som i solsteiken.



Vi var som sagt slitne denne dagen og drog difor ned til nasjonalparksenteret for å handla beviser på att vi hadde vore der også. Så drog vi i butikken og på polet. Ja vi er i Utah endå. Her får ein bare kjøpt lettøl på butikken.
Vi slappa av og koste oss sammen med gjengen resten av dagen.

2 kommentarer:

  1. hei igjen å takk for titten! kost meg med masse bilder fra amerikaturen deres. Har tenkt på dere i disse dagerm stormen å floen å det - vet ikke om dere var i nærheten, men over there er jo over there. Men me ser det var flott ja.

    hilsen fra Anne lise og Odd

    SvarSlett
  2. Amerika er enormt. Vi var innom 4 stater. Omtrent som land her i Europa. Uværet herjer nok lenger nord. Men fælt er det.

    SvarSlett